Koordinator Seljord kunstforening, deltidsstilling
Vi søkjer etter koordinator med sans for kunst og kultur.
Seljord kunstforening er ei godt etablert kunstforening. Kvart år arrangerer vi Sommerutstillinga i Kunstlåven i Seljord sentrum. Utstillinga går normalt over 4 veker. Målet er å syne eit bredt utval av samtidskunst og sjangeroverskridande kunst- og kulturuttrykk. Så langt råd er, samarbeider vi med lokale lag og foreiningar.

Stillinga er i all hovudsak knytt til Sommarutstillinga. Arbeidet tek til året i førevegen og blir ein god del meir intensivt utover seinvinteren. Som koordinator må du rekne med til dels kaotiske tilstandar i forkant av utstillinga og i tida rett etterpå. Deretter fylgjer normale dagar med ei og anna «slukking av småbrannar».
Kunstforeninga blir drive av eit styre meir eller mindre på frivillig basis. I stillinga vil du jobbe tett med styreformann, som i praksis fungerer som dagleg leiar.
Viktige eigenskapar: Engasjement for saka, nettverksbygging, ryddig og god på sosiale medium (WordPress/hjemmesida), FB).
Deltidsstilling, frå 1. januar 2021
Arbeidsoppgåver
- Sekretærfunksjon for styret og for kunstnarisk råd
- Organisere og koordinere aktivitetar knytt til utstillinga (vaktlister, omvising, opning og avslutning)
- koordinere informasjonsflyt og marknadsføring (katalog, annonser, flyers, plakat, heimesida og Facebook)
- Fungere som dagleg leiar under Sommarutstillinga
Arbeidsstad: Kunstlåven/heimekontor
Løn: 30 000 kr + timebetaling under Sommarutstillinga og eventuelt andre arrangement
Send søknad innan 24. november til Dagfeldborg@gmail.com (mobil 93637965)
hmsdlmcmdscms
LikarLikar