Kunstlåven

Kunstlåven er ein låvebygning i fire høgder med eit brutto totalareal på 1691 m². 15 rom nyttast i dag til utstilling, til saman ca. 1 000 m². Romma har beholdt sin opprinnelige utforming og går fortsatt under navn som; silo, hønsehus, grisehus, stall, forrom osv. Kvart rom er unikt både i høve til utforming, størrelse, lys og materialer. Det gir både utfordringar og moglegheiter, men ikkje minst – eit stort særpreg som kunstnarane synes er spanande å arbeide med og i. Romma er avgrensa i høve til kvarandre, slik at kunstnarane får stor frihet og er ikkje avhengig av å forholde seg til kunstverket i naborommet.

Historikk 

Seljord kunstforening vart stifta i 1968. Formålet femna vidt. Foreininga skulle både skipe til utstillingar av samtidskunst og arbeide for å styrkje og ta vare på ulike kulturelle uttrykk innanfor handverk, musikk, dikting, segn og soge. Kunstforeninga har vore ein viktig kulturberar både innanfor litteratur, musikk, bildande kunst og lokal kultur gjennom alle år med mindre utstillingar og kulturtilstellingar året rundt.

Til første leiar av SKF vart Sigurd Telnes vald. Han var rektor ved Seljord ungdomsskule og gjennom heile si mangeårige leiartid knytte han sterke band mellom kulturlivet og skulen. Alle somrar frå 1968 og fram til1990, vart ungdomsskulen omskapt til galleri for samtidskunst, og utstillingsrom for bygdekunst og handverk. Sommarutstillinga vart snart eit begrep kjent av både kunstnarar og publikum langt utanfor Seljord. Gjennom året elles fekk ungdomsskuleelevane -og bygdefolket – høve til å oppleve kunst av dei fremste kunstnarane i landet. Blant anna ved samarbeid med Riksutstillingane og Folkeakademiet.

Allereie frå skipingsåret i 1968 byrja arbeidet med å byggje opp ei fast kunstsamling. Samlinga tel i dag vel 550 nummer med måleri, grafikk og skulpturar; kjøpt inn frå kjende kunstnarar som har stilt ut hjå oss. Delar av samlinga er utlånt til kommunale bygg, så som skular og offentlege kontor. Vi skipar også til utstillingar frå vår eiga samling med bestemte tema både i samband med kulturkveldar, men også til undervisningsbruk i ungdomsskulen. Alle seinare styre og leiarar av SKF har i stor grad arbeidd etter dei same retningslinene, men sjølvsagt med visse endringar over tid.

Trass i gode vilkår for kunstforeninga i ungdomsskulebygget, var ønsket om eige bygg sterkt. Då nærmaste nabo til ungdomsskulen, Seljord husmorskule, vart nedlagd, gjekk det berre eitt år før det vart skrive kontrakt mellom Telemark fylkeskommune og Seljord kunstforening om overtaking av driftsbygninga ved Seljord husmorskule. Som nemnt ovanfor la vi etter kvart bort dei store ombyggingsplanane og konsentrerte oss om å gjere låven til ein enkel utstillingsstad – i første omgang. Undervegs fekk vi også støtte til fleire delprosjekt, bla. frå Kulturrådet til bygging av brannsluse og nytt tak.

Eit sterkt ynske om å få bygd om låven med toalett, kafé og kjøkken vart realisert våren 2006. Med støtte frå Norsk kulturråd, Telemark fylkeskommune, Seljord kommune, eigne midlar frå loppemarknad og sal av kunst og masse dugnadsarbeid makta greidde vi å betale det ombygginga kosta, i alt rundt rekna kr 850.000.

Advertisements