Sommarutstillinga

Sommarutstillinga 2018: «Ekko»

Opningstider: 1.juli – 5. august kvar dag kl 11- 17
6.august – 31.august open for avtalte omvisningar

Vi ynskjer velkomen til årets sommarutstilling på Kunstlåven i Seljord, i år fyller vi 50 år!
Seljord Kunstforening har i år 50-års jubileum, og i det høvet vil vi heidre ein viktig epoke i norsk kunst- og kulturliv. Kunstforeninga har gjennom tidene vist eit breitt spekter av både norsk og internasjonal kunst. Den har og vore ein arena for eit lokalt miljø av kunstnarar, som i tre generasjonar har bidrege med stor dugnadsånd til å byggje opp kunstforeninga og sikre den kunstnarlege kvaliteten i utstillingane.

For å feire 50 år med historie og dugnadsånd vil sommarutstillinga i år vera todelt.

Ein er basert på historiske dokument som viser utdrag frå sommarutstillingane gjennom tidene, samt nokre bidrag frå kunstforeninga si eiga samling.

(Klikk for større bilde)

 

Hovuddelen av utstillinga viser arbeid frå kunstnarane som har vore med i dei kunstnarlege råda opp gjennom tidene. Dei representerer eit breitt spekter i både alder og uttrykk.

This slideshow requires JavaScript.

Kunstnarane er:
Gunnar Torvund, Knut Flatin, Terje Grøstad, Kristine Brodersen, Philipp Dommen, Torhild Grøstad, Arne Svalastog, Ingrid Askeland, Johannes Høie, Marilyn Ann Owens, Ann-Kathrin Samuelsen, Ellen Henriette Suhrke, Øystein Wyller Odden og Ånond Versto.

Advertisements

Minneord om Sigurd Telnes 

Minneord om Sigurd Telnes 

2030092-flying-dove-silhouette-on-white-background

Det er eitt lag i Seljord som meir enn nokon annan organisasjon fekk nyte godt av Sigurd sitt engasjement, og det er Seljord kunstforening. For snart 50 år sidan var han med og stifta kunstforeninga og vart dernest leiar i mange år. Med sin venlege veremåte og ei særleg evne til å skape tillit og kontakt med alle slags folk utvikla han Seljord kunstforening – og i særleg grad den årvisse  Sommarutstillinga – til å bli ein viktig arena for framsyning av såvel klassiske kunstverk som samtidskunst og bygdekunst. Det er ikkje for mykje å seie at det er takk vere Sigurd Telnes at vår kunstforening raskt vart kjend blant kunstnarar og kunstinteresserte over heile landet.

Han forstod seg på kvalitet og såg verdien av godt handverk og estetisk utforming om det no var knivar, dørblad, kubbestolar, biletvev eller andre ting. Dei første åra til Seljord kunstforening vart sommarutstillinga derfor ei viktig mønstring både av kunst, folkekunst og handverk, noko publikum sette stor pris på.

For Sigurd Telnes gikk liv og lære i eitt. Den gleda og dei verdiane han fann i kunst og kultur ville han dele med andre. Det vart difor naturleg at han som rektor for Seljord ungdomsskule og leiar av kunstforeninga fekk mange kunstnarar til å stille ut i aulaen gjennom heile skuleåret. Vi veit at mange som var elevar i hans rektortid, fekk med seg kunstopplevingar som har vore med og forma deira eiga kunstinteresse.

Dei av oss som var så heldige å få arbeide i lag Sigurd Telnes i styret eller på dugnader for dei mange kunstutstillingane, vi fekk meir enn vi gav, og vil alltid minnast dette med glede og takksemd. Sigurd Telnes var æresmedlem i Seljord kunstforening.

Vi lyser fred over minnet hans.

For Seljord kunstforening

Borgny Tøfte, Torhild Grøstad og Jeanne Schoenwandt