Minneord om Sigurd Telnes 

Minneord om Sigurd Telnes 

2030092-flying-dove-silhouette-on-white-background

Det er eitt lag i Seljord som meir enn nokon annan organisasjon fekk nyte godt av Sigurd sitt engasjement, og det er Seljord kunstforening. For snart 50 år sidan var han med og stifta kunstforeninga og vart dernest leiar i mange år. Med sin venlege veremåte og ei særleg evne til å skape tillit og kontakt med alle slags folk utvikla han Seljord kunstforening – og i særleg grad den årvisse  Sommarutstillinga – til å bli ein viktig arena for framsyning av såvel klassiske kunstverk som samtidskunst og bygdekunst. Det er ikkje for mykje å seie at det er takk vere Sigurd Telnes at vår kunstforening raskt vart kjend blant kunstnarar og kunstinteresserte over heile landet.

Han forstod seg på kvalitet og såg verdien av godt handverk og estetisk utforming om det no var knivar, dørblad, kubbestolar, biletvev eller andre ting. Dei første åra til Seljord kunstforening vart sommarutstillinga derfor ei viktig mønstring både av kunst, folkekunst og handverk, noko publikum sette stor pris på.

For Sigurd Telnes gikk liv og lære i eitt. Den gleda og dei verdiane han fann i kunst og kultur ville han dele med andre. Det vart difor naturleg at han som rektor for Seljord ungdomsskule og leiar av kunstforeninga fekk mange kunstnarar til å stille ut i aulaen gjennom heile skuleåret. Vi veit at mange som var elevar i hans rektortid, fekk med seg kunstopplevingar som har vore med og forma deira eiga kunstinteresse.

Dei av oss som var så heldige å få arbeide i lag Sigurd Telnes i styret eller på dugnader for dei mange kunstutstillingane, vi fekk meir enn vi gav, og vil alltid minnast dette med glede og takksemd. Sigurd Telnes var æresmedlem i Seljord kunstforening.

Vi lyser fred over minnet hans.

For Seljord kunstforening

Borgny Tøfte, Torhild Grøstad og Jeanne Schoenwandt

 

Sommarutstillinga 2017 «SPOR»

Bilde på toppen er et videostill fra Salte Kyss av Shwan Dler Qaradaki

1. juli – 6. august, åpning lørdag 1. juli 

Årets tema er SPOR som kan ha flere betydninger og vinklinger. I tillegg til konkrete teknikker knyttet til å lage spor i f.eks en trykkplate eller annet materiale kan SPOR også forstås i overført betydning. Det kan handle om fortid og fremtid, om noe som har satt preg eller spor, gå i andres spor eller være på sporet av noe nytt. SPOR kan ha både tyngde og letthet i seg.

Continue reading «Sommarutstillinga 2017 «SPOR»»

Sommarutstillinga 2016 «SKUMRINGSSONER»

Expanding Black.seljord
Serina Erfjord: Expanding Black

Skumringssoner: av engelsk Twilight Zone

: a situation or an idea that is unclear or confusing
: a world of fantasy where things are not real
The Twilight Zone var ein amerikansk tv-serie som hadde som konsept å vise at det finnes “eit femte element” ein tilstand mellom lys og skygge, mellom vitskap og overtru, mellom tid og rom. Continue reading «Sommarutstillinga 2016 «SKUMRINGSSONER»»